
VERDENS BESTE HISTORIE
Iveranna og Vidar er to svært profesjonelle klovnar som reiser omkring og fortel verdas aller beste historie.
Men dei har ikkje kome lenger enn “det var ein gang…” før det seier stopp. Dei har rett og slett gløymt historia!
Om berre det var nokre fantasifulle born i nærleiken som kunne hjelpe dei med å fylle hola i historia og saman lage Verdens Beste Historie!
Med ei enkel ramme for historia, inspirert av klassiske eventyr, er det alt i mellom som er poenget i Verdens Beste Historie - og kva det er, er det berre fantasien vår som sett grenser for. I ei halv-improvisert, interaktiv framsyning inviterer vi både idéar og folk på scena for å leike oss fram til Verdens Beste Historie, som berre fins i samarbeidet mellom oss som har møtt opp. Dette er ein leik på barna og klovnane sine premiss.
Så får heller aristotelisk oppbygging og vaksnes logikk og ordenssans vike.
Framsyninga er laga og spelt av Kristoffer Nicolaysen og Fride Snipsøyr Holøs, og hadde si premiere på Sommerfesten på Giske i 2022. Den er no under vidareutvikling, med Trine Flinder på regi og skal spelas som ein del av Kulturelt Boblebad i regi av Oslo Kulturskole. Målgruppa spenner seg for barn mellom 4-12 år. Den egner seg godt i både store og mindre forsamlingar, og har ambisjonar om å vere oppsøkande teater.