top of page

ØNSKEPAPPA
Ønskepappa, er ei framsyning i sjangeren forteljarteater. På scena møter du skodespelarane Joakim Nesvik og Fride Snipsøyr Holøs, samt Fredrik Veiby som musikar.
Utan andre sceniske verkemiddel enn sine eigne kroppar og ein kassegitar, skildrar dei ei historie om kanskje eit av vår tids siste tabu:
I sine lukkelegaste kveitebrødsdagar, går eit ungt par naivt inn i forsøket på familieforøkelse. Kva skjer i eit parforhold når ein for fyrste gong møter på ei av livets store utfordringar og ikkje har orda for å snakke om det?
Framsyninga er skrive av utøvarane sjølv gjennom devising og basert på research og intervju om temaet spontanabort.
bottom of page