Skjermbilde 2022-06-21 kl. 14.17.00.png

JULIE OG ROMEO

Kva hadde skjedd dersom enden var god for Julie og Romeo? Om dei to unge elskande ikkje fann sitt endelikt, men levde lukkeleg på Løkka? I denne leikne, musikalske framsyninga følger vi akkurat den tanken. 

Med ein punk-aktig estetikk, leik med Shakespeares store ord og ein liten dæsj kjøkkenrealisme skildrar vi ei moderne kjærleikshistorie. Er enden alltid god, eller hadde døden vore å føretrekke for Julie og Romeo? 

 

Framsyninga er basert på ein idé av Sindre Slorafoss og vidareutvikla saman med det kreative teamet. Alt du ser på scena frå tekst, til musikk og kostymer er produsert av gjengen som speler i god, gammal TeaterNord-stil.

 

Kreativt team: Sindre Slorafoss, Sofie Sleipnes og Kornelia Melsæter. 

På scena: Kristoffer Nicolaysen, Fride Snipsøyr Holøs, Sofie Sleipnes, Sindre Slorafoss og Kornelia Melsæter.